News

Aina er vår nyaste skipsingeniør

Scroll down for english version

For mange tek det litt tid før dei veit kva dei skal bli. For Aina Rindheim var det ikkje ein noko lang prosess. Ho skulle bli sivilingeniør, og ho skulle studerer på NTNU.  I august byrjar ho i fast jobb hos Multi Maritime

– På vidaregåande undersøkte eg aktuelle utdanningar, for å finne ut kva fag eg skulle velje på vidaregåande, men inst inne visste eg at eg skulle bli ingeniør, og at eg ville gå på NTNU i Trondheim, som har særs anerkjende sivilingeniørlinjer. Eg byrja på masterstudiet Marin Teknikk på NTNU i Trondheim i 2015. Som florøværing ligg jo det maritime i blodet, smiler ho. 
– Ein skal ha praksis i løpet av studiet. Når eg søkte etter passande bedrifter oppdaga eg Multi Maritime. Eg tok  kontakt og vart invitert på besøk. Eg byrja som sommarvikar i 2018, gjentok det i fjor og i år har eg brukt vår og sommar på masteroppgåva mi. 


7.jpg



Masteroppgåve på korleis temperaturar påverkar aluminium 

Masteroppgåva har ho skrive i samarbeid med Multi Maritime. Etter eit halvår med jobbing kunne ho endeleg levere den i juli. 

– Masteroppgåva tar for seg teamet brann i aluminium, og korleis temperaturar påverkar styrken i aluminiumen. Temaet fikk eg av Multi Maritime, og det vart aktualisert etter at ferja «Ytterøyningen» tok fyr i Kvinnherad i oktober. Multi Maritime har designa dei elektriske ferjene som skal gå på Oslofjorden, der skroget skal byggast i aluminium. Difor er det særs interessant å sjå på korleis ein batteribrann påverkar dette materialet, kontra stål, seier ho.

Sommarvikarar og studentar som skal skrive masteroppgåver, er ein arena for rekruttering. 
– Multi Maritime har som sin strategi å legge til rette for studentar i form av sommarjobb og oppgåveskriving for kandidatar som kan ta til i jobb etter studia, eller på seinare tidspunkt i karrieren sin, seier daglig leiar Mikael Johansen.
– Aina er eit godt døme på at den strategien er riktig. Ho er fagleg dyktig, og særs flink til å sette seg inn i nye ting og tileigne seg ny kunnskap.  


Design av fartøy 

Med studiet Marin Teknikk kan du jobbe med havbruk, skipfart- og bygging, fiskeri, olje/gass, offshore vindkraft, bølgjekraft, flytende bruer og meir. For Aina var valet enkelt. 

– Eg skjønte tidlig i studiet at eg var mest interessert i skipsdesign. Då vart Multi Maritime ein naturlig stad for meg å søke jobb. Det er ei flott bedrift, med mykje dyktige folk. Det er også ei særs «motstandsdyktig» bedrift, som har takla alle utfordringar sidan 1983. Denne våren har mange bedrifter måtte ta grep. Multi Maritime har klart seg utan permitteringar, og har til og med tilsett folk. Det tyder på ei bedrift som har plassert seg godt i marknaden sin og gjer mykje rett, seier ho og held fram. 

– Gjennomgangstonen frå dei eg har snakka med om dette er at i Multi Maritime blir ein involvert i heile prosessen. Det er ikkje sjølvsagt for alle bedrifter. Erfaringa mi frå å vere sommarvikar og å jobbe med masteroppgåva er at dette stemmer. Som sommarvikar har ein ofte ein del ein må spørje folk om undervegs. Terskelen for å gå til ein kollega og spørje er låg her på huset. Det er bra.  

 

Gler seg til å komme i gang 
Etter 5 år med studiar, så ser Aina lyst på å skulle ta fatt på arbeidslivet. 

– Det er godt å ha levert masteroppgåva, og ikkje ha utdanninga hengande over seg lenger. Det var kjekt kvart år å komme hit som sommarvikar også. Arbeidslivet er nok heilt anna enn å studere. Du kjem klokka 08, du går heim klokka 16, og så har du fri i helgen, og slepp tenke på ting du skulle lest og studert og oppgåver, smiler ho og fortel at ho enn så lenge pendlar. 
– Fort tida bur eg i Florø, men eg ser etter leilegheit i Førde. Eg har familie her som eg kan bu med ei tid, om eg blir lei pendlinga før eg finn ein stad å bu. 

 

 

Aina is our newest ship engineer

 

To find out what you want to become, can take some time. For Aina Rindheim, the process wasn’t very long process. She wanted to to become a civil engineer, and to study at NTNU in Trondheim. In August she becomes the newest employee at Multi Maritime. 

 

– When I started highshcool, I researched the education I found relevant to me, to find out which subjects I should choose during highschool. I knew that I wanted to become an engineer, and that I would study at  NTNU, which is renowned for their civil engineering studies. I started the road to my master's degree in marine engineering at NTNU in 2015. Since I am from Florø, the maritime kind of is in my blood, she tells with a smile.  

– During the five years of studies we also have practise in companies in our field of expertise.    When I searched for suitable companies, I discovered Multi Maritime. I made contact and was invited to visit. I start as a summer temp in 2018, repeated it last year and this year I have spent spring and summer working on my master's thesis.

 

Master's thesis on how temperatures affects aluminium

The Master's thesis is written in collaboration with Multi Maritime. After a half year of work, she was finally able to deliver it in July.

– The master's thesis deals with the topic: fire in aluminium, and how high temperatures affects the strength of the aluminium. The topic was given to me by Multi Maritime. It was made very relevant by the fire in the electric ferry "Ytterøyningen", in Kvinnherad last October. Multi Maritime has designed the electric ferries that will traffic the Oslo-fjord, where the hulls will be built out of aluminium. Therefore they are particularly interested in how a battery fire affects this material, versus steel, she says. 

Summer interns and students working on their master's theses is a arena of recruitment.

– Multi Maritime's strategy is to facilitate students in the form of summer jobs and assignment writing for graduates, who can apply for jobs after study, or at a later stage in their careers, says daily tenant Mikael Johansen.

– Aina is a good example of why this is a good strategy. She is proficiently skilled, very good at acquiring new knowledge and see takes in new information and new skills with ease.

 

Ship design 

The studie Marin Teknikk allows you to go in many directions: aquaculture, shipping and construction, fishing, oil/gas, offshore wind power, wave power, floating bridges and more. For Aina, the choice was simple.

– I realized early in the study that I was most interested in ship design. That made Multi Maritime a natural choice when I started to look for work. It's a great company, with very talented people. It is also a "resilient" company, which has faced all challenges since 1983. During the corona-epidemic many companies had to lay of people. Multi Maritime hired instead. That is the mark of a company that has positioned itself well in the market and is doing a lot of things right. When I talked to people about working in Multi Maritime, most of them said that when you work here, you get involved in the whole process. Which is not always the case in some companies. My experience from two years as a summer temp, and working on my master's thesis here, is that this is true.  As a summer temp you naturally have quite a lot of questions. Here you can always to too your colleges’ and get help and an answers. That is a sign of a good work environment. 

 

Happy to be done with the studies

After 5 years of study, Aina looks forward to work

– It is good to be done with the master's thesis and to not have education hanging over my head anymore. It was always a nice “break” from studies when I came to Multi Maritime to be a summer temp. When you work, you go to work in the morning, and you go home in the afternoon, and you don’t have to worried about the curriculum and studying in your free time. And you even get weekends of, she says with a smile.  

– For the time being, I live in Florø and commute too Førde. But I am looking for a place to live in Førde. 

VOOKAL AS